PER FRONTH & ALAN RANKLE
TIDSFJØDDI
TIME AND THE MOUNTAIN
12. juli - 2. august
Eit landskap i endring
Naturen kring oss er i endring. Det same gjeld vår oppleving av han. Denne innsikta og eit 170 år gammalt måleri utgjer det konseptuelle fundamentet for Tidsfjøddi / Time and the Mountain - eit samarbeid mellom norske Per Fronth og britiske Alan Rankle.
Dei to kunstnarane har samarbeida sporadisk heilt sidan Alan Rankle kuraterte Per Fronth si kontroversielle Bloodlines-utstilling i London i 1999. Dette er likevel første gong dei har laga ei utstilling i saman. Dei to kunstnarane er svært ulike i teknikk og uttrykk, men vert foreina av eit langvarig tematisk arbeid med naturen som sentralt motiv.
Per Fronth nyttar og utfordrar fotografiske teknikkar kombinert med måleriske overflater for å utforske samanhengar mellom menneske, natur og historie. Det er naturleg å trekke parallellar til dei amerikanske fotografene Edward S. Curtis (1868 - 1953) og Edward Steichen (1879 - 1973). Arbeida har ofte ein udefinerbar og uroleg narrativ dimensjon. For Fronth er ikkje naturen berre eit vakkert motiv, men ein aktør i forteljingar om sivilisasjon, konflikt og økologi.
Rankle står for ei fornying av den britiske landskapsmålartradisjonen og lagar måleri som både hyllar og problematiserer oppfatninga vår av naturen. Arbeida ber preg av ein dynamisk bruk av fargar og ei gestikulerande penselføring, som trekk liner til kunstnarar som J.M.W. Turner (1775-1851) og Caspar David Friedrich (1774-1840).
I Tidsfjøddi / Time and the Mountain i tek Fronth og Rankle utgangspunkt i Johan Fredrik Eckersbergs ikoniske måleri Frå Valle i Setesdal (1852), og går i visuelle ordskifte med både kunsthistoriske og utviklingskritiske refleksjonar. Ikkje som nostalgiske tilskodarar, men som samtidige stemmer som konfronterer naturen med vår tids uro.
I sentrum for samtalen står fjellet Einang. Hos Eckersberg: ei urokkeleg geologisk form. Hos Fronth og Rankle: ein kropp i rørsle. Det kan sjå ut som om fjellet riv seg laus frå omgjevnadene. Den ustabiliteten Fronth og Rankle formidlar, er i tydeleg dialog med dei gamle segnene: Den dagen fjellet fell, skal det fylle dalen og elva – og trekkje oss ubønhøyrleg mot undergangen.
I Tidsfjøddi / Time and the Mountain vert Einang eit sterkt metaforisk omdreiingspunkt for uroa i vår samtid. Den skjøre balansen mellom stabilitet og samanbrot, mellom det evige og det forgjengelege.
Einang, Valle i Setesdal
Rett nord for Valle i Setesdal, ligg fjellet Einang som eit vakkert, men samstundes uroleg monument. I eldre tider sa ein at sprekken mellom Einang og nabofjellet var så smal at berre eit flatbrød fekk plass imellom. Gradvis vart sprekken breiare. Folket i dalen meinte at fjellet reiv seg laus frå omgjevnadene. I lokal folketru heiter det at den dagen fjellet fell, skal det fylle heile dalen og elva – og dra oss med mot domedag.